Regjeringa ynskjer å Grunnlovsfesta sensur i Norge!
Regjeringa vik frå den stortingsoppnemnde ytringsfridomskommisjonens forslag til ny §100. Der kommisjonen allereie har gjort nokre innskrenkingar på ytringsfridomen, prøver Regjeringa å overlista Stortinget til å innskrenka han endå meir. Sjølv om Regjeringa sluttar seg til kommisjonens forslag om det såkalla infrastrukturkravet, som seier at staten skal legge til rette for en aapen og oplyst offentlig samtale,[i] verkar ho uinteressert i gjera dette kravet til meir enn tomme ord.
Framfor å gje individet full fridom, vil ytringsfridomskommisjonen at samfunnet, demokratiet og rettsvesenet skal setja rammer for ytringane. Dette var ikkje bra nok for regjeringa. I framlegget til ny §100, gjev regjeringa seg sjølv retten til å øva sensur. §100 i Grunnlova som var meint å vera eit vern for individets ytringar mot inngrep frå staten vert brukt til å legitimera framtidige statlege inngrep! Ved å visa til skadelege sider ved visse ytringar (som porno, rasisme og vold) kan Regjeringa lura Stortinget til å akseptera bruken av sensur, som det, når det vert aktuelt, er opp til dei som er i posisjon (i regjering) å gjennomføra.
Grunnlova er fundamentet i vårt lovverk, og dannar grunnlaget for vidare lovgjeving, og kan vanskeleg omgjerast. Dagens bestemmelse i Grunnlova § 100 har stått uendra sidan den vart vedteke i 1814. Ei endring av grunnlova krev gjerne at det vert nedsett ein offentleg kommisjon av ekspertar innan området. Ytringsfridomskommisjonen vart sett ned i 1996 og la fram ei utredning med forslag til endring og grunngjeving for endringane i 1999. Så skulle politikarane som var i posisjon, gjennom byråkratar i departementa, ta stilling til kommisjonens forslag, og utarbeida et eige forslag, med grunngjeving- og presisering av avviket frå kommisjonens forslag. No sist, i juni 2004, 8 år etter skipinga av ytringsfridomskommisjonen, vart Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité kopla inn for å gje sitt syn på dei to framlegga, som igjen skal danna grunnlaget for stortingsrepresentantanes stemmegjeving i stortinget denne hausten. Og, som for å understreka alvoret av ei grunnlovsendring, må stemmegjevinga til dette stortinget stadfestast gjennom ei ny avstemming i det fylgjande stortinget (i stortingsperioden 2005-2009).
Frå regjeringas forslag til ny Grunnlov § 100, 3. ledd (mi utheving): Statens Myndigheter kunne ikke udøve Forhaandscensur og anden Forhaandskontrol af Ytringer, med mindre tungtveiende Hensyn gjøre det tilbørligt holdt op imod Ytringsfrihedens Begrundelser. Forhaandscontrol af trykt Skrift bør ikke finde Sted. Legg merke til at førehandssensuren ikkje kan ramma trykt skrift. Den vedkjem fjernsyn, film, internett og teater.[ii] Regjeringa innrømmer at fjernsynsmediet har ei særleg påvirkingskraft som kan forsterke eventuelle uheldige eller skadelige sider ved visse ytringer.[iii]
I ytringsfridomskommisjonens forslag til § 100 heiter det at Forhaandscensur og andre forebyggende Forholdsregler kan benyttes kun i den Udstrækning det er nødvendigt for at beskytte Børn og Unge imod skadelig Paavirkning fra levende Billeder. Kommisjonen åtvarar altså mot såkalla ”levende bilder” retta mot barn, men den audiovisuelle produksjonen som er retta mot vaksne skal altså ikkje kunna sensurerast på førehand, men haldast opp mot gjeldande lovgjeving i etterkant.
Regjeringa verkar meir redd meiningsmangfaldet og individas uredde bruk av ytringsfridomen i den offentlege debatten, enn for dei skadelege konsekvensane formynderiet har for den offentlege samtala. Me må, i desse tider, spørja om det er terrorspøkjelset som spøkjer i bakhovuda til våre statsrådar.
Ynskjer verkeleg den sitjande Regjeringa, gjennom dette grunnlovsforslaget, å gje seg sjølv rett til å øva strengare politisk kontroll for å kunna halda fram ved USAs side i krigen mot terror? Tungtveiende hensyn kan lesast som hensynet til rikets sikkerhet i krig eller når det er fare for krig. I dag er det fare for krig. Det udefinerte nettverket Al-Qaida har truga Norge eksplisitt, som eitt av sju på ei liste over land som skal angripast.
Dersom Regjeringa ser den linja som i dag vert ført, med USA-leidd krig mot terror, som eit godt vern mot krig, vil ytringar som søkjer å mana til motstand mot denne krigen mot terror m.a. kunna verta råka ikkje berre av den nye terrorlovane i straffelova,[iv] men til og med av den gamle ”landsforræderibestemmelsen”. Denne skal gje grunnlag for å gripa inn mot dei som utbrer uriktige eller villedende opplysninger som er egnet til å svekke folkets motstandsvilje. [v] Dersom ”motstandsvilje” her betyr ”vilje til å ta del i krigen mot terror”, er det ikkje så reint få menneske i dette landet som kan reknast for landssvikar. Tiltalte vil me neppe verta med det første, men politisk overvaking og etterretning kan allereie i dag legitimera si verksemd med desse lovane. Lund-kommisjonen minna om visse svakhetar ved dei hemmelige tenestene og problema desse fører med seg for ein opplyst, kritisk offentligheit.
Som me har sett, og framleis ser, i eksempelet med USA etter 11/9 er ikkje unntakstilstand og innskrenka borgarrettar noko som høyrer til fortida eller fjerntliggjande diktatur. Sjølv om me lever i eit land som ynskjer å vera demokratisk, slik vår store bror USA også ynskjer det, er me som vanlege borgarar passive brikker utan reellt innsyn i den sikringspolitikken som er så avgjerande for vår framtid. I februar 1995 utnemnde forsvarsdepartementet eit beredskapslovutval, sett saman av folk frå forsvaret, justisdepartementet, nærings- og energidepartementet, statsministerens kontor, politiet og direktoratet for sivilt beredskap, i tillegg til folk frå forsvarsdepartementet. Dette utvalet skulle i lys av endrede forsvars- og sikkerhetspolitiske rammebetingelser[ ...] vurdere om det er behov for oppdatering av deler av beredskapslovgivningen[vi].
I oktober same året la dei fram si utredning. Under eit kapittel som forfattarane av utredninga så treffande har kalla Kontroll med media, står det m.a., i eit utdrag av mandatet til Statens Insformasjonstjeneste i Krig (seinare omdøypt til Regjeringens pressetjeneste i krig og så til Regjeringens Presse- og Informasjonstjeneste), at gjennom samarbeid med presse, kringskasting, film og andre publisitetsorganer skal Statens informasjonstjeneste i krig virke for at norsk og utenlandsk opinion får sanne og fyldige opplysninger om alle forhold av betydning i den aktuelle situasjon.[vii]
Er det ikkje godt å vita at Regjeringens presse- og informasjonstjeneste (RPI), skal bistå media med opplysninger, råd og hjelp, og slik lette pressens, kringkastingens og NTBs virksomhet? RPI understrekar at eit godt samarbeid med pressa vil gjøre sensur overflødig. Få av oss mistenkjer RPI for ikkje å ha eit godt og nært samarbeid med Orkla, A-pressen, Schibsted, NRK, TV2 og NTB, utanlandsk presse m.fl. Dei som ikkje samarbeider og yter det som RPI reknar som sanne og fyldige opplysninger, skulle ikkje sensurerast på førehand, men kunna stengjast i etterkant, for å verna om rikets sikkerhet. Beredskapslovutvalet innrømma at sensur på førehand er et mer og mer uaktuelt tema, sidan det, på grunn av den utvikling som har funnet sted både teknisk og mht antall og typer media som formidler nyheter/opplysninger er nærast umogleg å gjennomføra i praksis. Men det vert understreka at en fortsatt må se i øynene at krig stiller samfunnet i en helt spesiell situasjon.
Med krigen mot terror har me hamna i en helt spesiell situasjon. Regjeringa har slutta seg til krigar i framand land mot framand folk. Desse krigane går no under samlenamnet ”krig mot terror”, og er i fylgje denne krigens eigne strategar, ein krig som ingen synleg ende har. Samstundes søkjer Regjeringa å gje Grunnlova ein ordlyd som, i krigstid eller når det er fare for krig, gjer det mogleg å sensurera alt frå Al-Jazeera til Ola Nordbus nysnekra heimeside. Land og folk som måtte ytra seg mot Norge og NATOs krigar kan rekna med å aldri verkeleg nå gjennom i norske media. Til gjengjeld vil krigspropaganda frå CNN, Sky News, Fox, BBC, NBC, etc. lysa opp kvart hus og heim.
For den som er i opposisjon til den rådande politikken er det umogleg å tenkja seg eit demokrati utan reell politisk ytringsfridom. Reell politisk ytringsfridom vil seia å kunna nå alle deltakarane i samfunnsdebatten med eigne synspunkt, på eigne premiss. Fjernsynet er med si særeigne påvirkningskraft kanskje det einaste medium som gjer det mogleg å nå alle deltakarane i samfunnsdebatten, og då er det svært viktig at dette ikkje skjer kun på den politiske elite og på det kommersielle fjernsynets premiss. Regjeringas strupetak på den reelle ytringsfridomen er snedig, og har gått mange aktørar i samfunnsdebatten hus forbi.
Stortinget bestemte at det skulle setjast av kapasitet til ein open kanal i det planlagde digitale bakkenettet, der frivillige organisasjoner, livssynsorganisasjoner og andre ikke-kommersielle virksomheter kan tildeles sendetid på rimelige vilkår. Rimelege vilkår er for dei ikkje-kommersielle aktørane gratis distribusjon. Stortinget gjekk altså inn for at alle, på ideelt grunnlag, om fire år kan få kringkasta eigenproduserte videoar gratis til alle fjernsynsapparat i Norge gjennom ein open ukommersiell kanal. Stortinget viste til gode erfaringer med tilsvarende kanaler i andre land, og slutta seg til at man søker å finne finansielle løsninger som gjør at dette tilbudet også blir reelt.[viii]
Ein stat med eit oljefond på 800 milliardar e.d.o., kunne ha teke seg råd til sjølv å byggja eit digitalt bakkenett med gratis internett, telefon og fjernsyn til alle, som bonus til folket, statens eigarar, i god kapitalistisk avkastningstradisjon. Men nei. Regjeringa og dei nyliberale politikarane på stortinget arbeider ikkje for folket, men bøyer seg i staden i ærefrykt for diktatet til marknadens profetar. Vår regjering vil overføra ressursar frå dei mindre aktørane i samfunnsdebatten til dei to riksdekkjande gigantane NRK og TV2. Dette, trass i at det norske folk, gjennom det norske Storting, har gjeve desse løyve til å driva idiotsikre fortenestemaskiner som kvar dag invaderer dei tusen heimar.
Den planlagde opne fjernsynskanalen i Norge har vorte utsett for hardt press frå Kyrkje- og kulturdepartementet, m.a. fordi departementet ikkje vil påleggja Norges Televisjon (NTV), med delt eigarskap mellom NRK og TV2, å setja av gratis plass til ein open, ukommersiell kanal i det digitale bakkenettet, og dermed sikra distribusjon på ”rimelege vilkår”, slik stortinget (kun mot FrPs stemmer) vedtok. Ein open ukommersiell fjernsynskanal, til beste for demokratiet, den offentlige samtala og det norske sivilsamfunnet, må altså vika for økonomisk grådighet.
Det kan ikkje vera trugsmål om økonomisk oppvarming som hindrar Regjeringa å stø reell ytringsfridom i fjernsynsmediet. Åpen kanal vil kosta staten knappe 3 millionar kroner i året i driftsmidlar, eit tal som utgjer omlag 1 ‰ av overføringane til NRK. Snarare må me mistenkja Regjeringa å vilja gje den politiske og økonomiske eliten løyve til monopol på drift av demokratiet og den offentlige samtalas viktigaste instrument.
Regjeringas løynde motstand mot etableringa av ein open riksdekkjande fjernsynskanal i Norge er ikkje ulogisk, men heilt i tråd med Regjeringas forslag til statlig sensur i Grunnlova og føremålet med deira eiga Presse- og Informasjonsteneste, som skal sikre at korrekt informasjon kommer ut til almenheten.[ix]
[i] Ytringsfridomskommisjonens innstilling: http://odin.dep.no/jd/norsk/publ/utredninger/NOU/012005-020029/dok-bn.html
Regjeringas stortingsmelding: http://odin.dep.no/jd/norsk/publ/stmeld/012001-040019/hov010-bn.html
[ii] Avsnitt 5.1 i Inst.nr.270, 2003-2004, jf. avsnitt 5.2.1 i stortingsmeldinga
[iii] Avsnitt 4.9 i Inst.nr.270, 2003-2004, jf. avsnitt 4.9.7 i meldinga
[iv] § 147a i Straffelova
[v] § 86 nr.4 i Straffelova
[vi] NOU 1995: 31
[vii] Op.cit.
[viii] Innst.S.nr.128 (2003-2004) Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om digitalt bakkenett for fjernsyn
[ix] NOU 1995: 31